Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Nyttige råd når du skal leige bil (nynorsk)

Hører til leie av bil

Det er svært viktig å ha ei skikkeleg kontrakt når du skal leige bil.

Fellene er mange. Juridisk rådgivar Paal Bjønnes i Forbrukarrådet gir deg nyttige råd.

Skriv ein skikkeleg kontrakt

Det viktigaste er å ha ein skikkeleg skriftleg kontrakt. Alt som blir regulert av leigeavtalen, skal komme fram i kontrakten. Er du usikker på enkelte punkt eller formuleringar, så spør – og sørg for å få svaret svart på kvitt.

Forsikring

Ver merksam på at det kan skje uhell. Derfor er det viktig å vite kva reglar som gjeld for forsikring eller erstatning. Ver klar over at ulike utleigefirma opererer med ulike forsikringsvilkår og erstatningar. Å spare små summar når du gjer leigeavtalen, kan bli dyrt for deg når uhellet er ute. Tenk over det før du gjer nokon avtale. Forsikringsvilkåra skal uansett gå fram av kontrakten.

Overta/levere leigebil

Her er det særleg to ting du skal leggje merke til:
1. Gå over leigebilen saman med utleigaren når du overtek han, for å sjå til at bilen ikkje har skadar. Då unngår du å få skulda for eventuelle skadar som den førre leigaren har valda, når du leverer bilen inn att.

2. Noter kilometerstanden ved utleige og innlevering. Då unngår du tvistar om faktisk køyrelengd.

Fyll opp tanken

Fyll på nok bensin slik det går fram av avtalen, som regel full tank. Då slepp du ekstrakostnader i etterkant (bensinen blir ofte dyrare når leigeselskapet fyller på, enn når du gjer det sjølv på bensinstasjonen).

Klager på leigebilen

Er du ikkje nøgd med leigebilen, kan du klage utleigefirmaet inn for bilutleigenemnda. Nemnda behandlar tvistar som byggjer på kontraktforhold mellom forbrukarar og bilutleigefirma som er knytte til Norges Bilutleieforbund. Behandlinga i bilutleigenemnda er gratis.

Sist oppdatert: 23.05.06 23:19
 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)