Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Gjeldsordningslova - dine rettar (nynorsk)

Hører til lover, regelverk og gjeld

Gjeldsordningslova kan hjelpe deg med å slette gjeld du ikkje klarer å betale. Frå 1. juli 2003 gjeld fleire nye reglar. Forbrukarrådet har her laga ei enkel oversikt over reglane i lova.

Informasjon utarbeidd av Forbrukarrådet i 2003.

Kven kan søkje om gjeldsordning?
Korleis kjem eg i gang, og kva skjer?
Kva skjer under gjeldsordninga?
Kva inneber ei gjeldsordning reint økonomisk?
Må eg selje bustaden og bilen min?
Kva skjer dersom eg har ein kausjonist?
Kva med gjeld til det offentlege?
Dokumentasjon
Treng du fleire opplysningar?

Gjeldsordningslova kan hjelpe deg med å slette gjeld du ikkje klarer å betale. Frå 1. juli 2003 gjeld fleire nye reglar. Forbrukarrådet har her laga ei enkel oversikt over reglane i lova.

  • Gjeldsordningslova seier at du som privatperson har rett til hjelp frå det offentlege når du har alvorlege gjeldsproblem.

  • Ta kontakt med namsmannen (lensmannen eller byfuten) på heimstaden din og be om informasjon om gjeldsordningslova.

  • Det finst eit søknadsskjema som du sjølv kan fylle ut dersom du vil søkje om gjeldsordning. Dette skjemaet får du til dømes hos namsmannen.

  • Gjeldsordning går ut på at du skal betale så mykje du kan av gjelda di, i ein femårsperiode. Deretter er du i hovudregelen gjeldfri. Det gjeld òg om du ikkje kan betale noko til kreditorane.

  • Det er inga nedre grense for kor store inntekter eller kor stor gjeld du må ha, og ordninga gjeld òg for arbeidsledige, trygda og så vidare.

  • Du kan òg søkje gjeldsordning dersom du tidlegare har vore næringsdrivande,eller dersom du berre har gjeld til det offentlege, til dømes skatte- og avgiftsgjeld eller bidragsgjeld.

  • Det er gratis å søkje om gjeldsordning.

Kven kan søkje om gjeldsordning?

Gjeldsordningslova inneheld nokre vilkår som må vere oppfylte før du kan få gjeldsordning.

Grunnvilkåra i lova er at du må vere varig ute av stand til å betale gjelda di, og at ei gjelds-ordning ikkje må vere tydeleg støytande. Varig ute av stand vil mellom anna seie at du ikkje klarer å betale ned gjelda di i nær framtid. Ei gjeldsordning kan verke støytande dersom du nett har late vere å betale på gjelda di sjølv om du kunne ha gjort det, eller at mykje av gjelda di er svært ny.

Du må ha gjort så godt du kan for å komme fram til ei ordning med kreditorane dine på eiga hand. Det kan mellom anna føre til at namsmannen krev at du ber om råd og rettleiing i kommunen før du søkjer om gjelds-ordning. Kommunen har plikt til å hjelpe deg. Dersom du får avslag på søknaden din, kan du klage til tingsretten (den lokale domstolen) eller søkje på nytt igjen seinare.

Som hovudregel kan du berre få gjeldsordning éin gong. Hugs at du har krav på all nødvendig rettleiing for å komme fram til ei gjeldsordning.

Snakk alltid med dei som står deg nærast, om økonomiske problem. Det blir ikkje kunngjort i avisene at du har søkt gjeldsordning, så utanforståande treng ikkje å få vite om det.

Korleis kjem eg i gang, og kva skjer?

Kontakt namsmannen
Det første du må gjere, er å ta kontakt med namsmannen og avtale tid for eit møte. Etter at du har informert om den økonomiske situasjonen din, kan namsmannen eventuelt hjelpe deg med å fylle ut eit søknadsskjema. Dersom du fyller vilkåra, opnar namsmannen eller tingsretten gjeldsforhandlingane for deg. Då byrjar ein forhandlingsperiode på fire månader. I denne perioden må du saman med namsmannen prøve å komme fram til ei frivillig ordning med kreditorane dine. Du må førebu deg på å ha ein enkel levestandard i fleire år framover. Rekn med at du må gi avkall på aktivitetar som du før kanskje rekna som sjølvsagde, til dømes sydenturar.

Det er svært viktig at du gir namsmannen riktige og fullstendige opplysningar. Du kan miste gjeldsordninga seinare dersom du ikkje gjer det. Du må òg gi opplysningar om økonomien til ektefellen eller sambuaren din, og han/ho må stadfeste at han/ho veit at du søkjer gjeldsordning.

Betalingsutsetjing

I gjeldsforhandlingsperioden får du ei betalingsutsetjing, og kreditorane skal ikkje rette krav mot deg i denne perioden. Visse offentlege kreditorar er unnatekne og må få betaling som vanleg, til dømes skatteetaten. Pengar som du eventuelt får til overs, må du betale inn til namsmannen. Dei blir seinare delte mellom kreditorane dine. Eit eventuelt tvangssal av bustaden din eller anna du eig, blir stansa. Namsmannen kan trekkje deg i lønn eller trygd, men du får behalde nok til å dekkje nødvendige faste utgifter. Det kan hende at du må selje visse eigedelar, og dei blir i så fall førebels bandlagde.

Gjeldsordninga
Først prøver ein å forhandle fram ein avtale med kreditorane dine. Det kallar vi frivillig gjeldsordning. Dersom kreditorane ikkje vil gjere nokon avtale, kan saka sendast til tingsretten. Tingsretten kan fastsetje ei gjeldsordning sjølv om kreditorane protesterer. Det kallar vi tvungen gjeldsordning. Det har ikkje noko å seie for deg om ordninga blir frivillig eller tvungen, men det tek lengre tid å komme fram til ei tvungen ordning.

Hugs at det er du som bestemmer korleis forslaget til gjeldsordning skal sjå ut. Namsmannen kan ikkje nekte å sende ut forslaget ditt, og han kan heller ikkje sende ut eit forslag mot din vilje. Du kan når som helst trekkje deg frå heile saka. Når du har fått i stand gjeldsordning, må du setje deg inn i korleis ho skal gjennomførast. Namsmannen har plikt til å hjelpe deg dersom det er noko du ikkje forstår.

Kva skjer under gjeldsordninga?

Ei gjeldsordning varer som regel i fem år. Det er svært viktig at du oppfyller pliktene dine i denne tida. Det heilt sentrale er sjølvsagt at du betaler som du skal. Du kan òg ha andre plikter, som å sende kopi av likningsutskrifta di til alle eller nokre av kreditorane kvart år. Det står i så fall i avtalen din, som du må lese nøye.

Dersom økonomien din betrar seg vesentleg under ordninga, må du varsle kreditorane og namsmannen, slik at ordninga kan bli endra. Du må då betale meir. Blir økonomien din verre, må du sjølv ta initiativet til å endre ordninga i din favør. Det er svært viktig at du gjer det dersom du ikkje lenger kan betale som planlagt, til dømes på grunn av arbeidsløyse, sjukdom eller samlivsbrot.

Klarer du å gjennomføre gjeldsordninga, er du i regelen heilt gjeldfri når gjeldsordningsperioden er over. Då har du heller ikkje kredittmerknader lenger (det vil seie at du ikkje lenger er svartelista). Dersom du ikkje held pliktene dine under gjeldsordninga, kan kreditorane krevje at tingsretten opphevar heile ordninga. Det kan bli umogleg eller svært vanskeleg å få ei ny gjeldsordning.

Når ordninga er over, startar ein toårsperiode der større gevinstar, arv eller liknande kan måtte fordelast mellom kreditorane. Du har varslingsplikt om slike forhold i denne perioden òg. Gevinst på grunn av at bustaden din stig i verdi, er unnateke.

Kva inneber ei gjeldsordning reint økonomisk?

Ei gjeldsordning går normalt ut på at du skal betale så mykje som mogleg av gjelda di til kreditorane i ein femårsperiode. Namsmannen reknar ut kor mykje du skal betale, med utgangspunkt i den disponible inntekta di. Kvart år blir det utarbeidd satsar for levekostnader som svarer til 85 prosent av den gjeldande minste-pensjonen (sjå www.odin.no og søk etter gjeldsordningslova).

Dersom du forsørgjer ektefelle, barn eller sambuar eller har samvær med barn, har du krav på eit tillegg. Du skal i alle høve berre betale eit eventuelt overskot etter at du har trekt frå nødvendige utgifter til bustad, mat, klede, straum og så vidare. Har du låg inntekt, blir det ofte ikkje noko overskot, men du kan likevel få gjeldsordning. Reknestykket kan til dømes sjå slik ut:

Per månad:
Disponibel inntekt (etter skatt) kr 14 000
Husleige kr 5 500
Mat, klede, straum, reiser osv. kr 6 700 =kr 12 200
Til kreditorane kr 1 800

Dersom den disponible inntekta her er 12 200 kroner eller mindre per månad, blir det altså ikkje noko å betale til kreditorane. I dette tilfellet betaler du til saman 108 000 kroner (1800 kroner x 60) til kreditorane over ein femårsperiode. Dersom totalgjelda til dømes er 540 000 kroner, blir dermed 20 prosent av gjelda betalt. Men kreditorane deler ikkje likt - kvar får 20 prosent av det opphavlege kravet sitt.

Må eg selje bustaden og bilen min?

Eig du ein bustad av nøktern standard som ikkje er for dyr, kan du rekne med å få behalde han. Til dømes får ein familie normalt behalde ein vanleg husbank-finansiert einebustad. Ein einsleg person må klare seg med ei mindre leilegheit, kanskje ei hybelleilegheit. Namsmannen tek ein takst på bustaden din når du søkjer om gjeldsordning. Gjeld som ligg innanfor taksten (+ 10 %), får du ikkje sletta når gjeldsordninga er avslutta. Dersom du leiger bustad, må det vurderast om husleiga er rimeleg. Bur du for dyrt, må du rekne med å måtte flytte til noko rimelegare.

Det vanlege er at du må selje privatbilen din. Berre dersom du kan vise til at du treng bilen i samband med jobb eller utdanning, eller av andre velferdsgrunnar, kan du ha rett til å behalde han. Velferdsgrunnar kan vere behov for å transportere barn til barnehagen eller liknande.

Verdien på bilen kan i slike tilfelle ikkje vere over grunnbeløpet til folketrygda (for tida om lag 55 000 kroner). Dersom du treng bilen på grunn av sjukdom, er det inga slik beløpsgrense. Hugs at dersom du får behalde bilen, har du òg krav på å få behalde ekstra pengar til bensin, forsikring og så vidare.

Kva skjer dersom eg har ein kausjonist?

Du kan søkje gjeldsordning sjølv om du har ein kausjonist. Det er viktig at du snakkar med kausjonisten din så snart som råd er, og forklarer at du vil søkje gjeldsordning. Kreditoren kan ikkje gå på kausjonisten under forhandlingane, men kausjonisten må som regel svare for den delen du sjølv ikkje klarer å betale av det aktuelle kravet. Han kan ikkje krevje noko av deg etterpå. Det er derfor viktig at kausjonisten heile tida er orientert om saka.

Det skal alltid vere tydeleg i gjeldsordninga korleis forholdet til kausjonisten er ordna. Dersom kausjonisten får alvorlege gjeldsproblem, kan han sjølv søkje gjeldsordning. Sjå òg faktabladet vårt om kausjon: forbrukerportalen.no.

Kva med gjeld til det offentlege?

Med offentleg gjeld meiner vi pengar som du skuldar staten, eller som staten krev inn, til dømes studielån, skatte- og avgifts-gjeld, bøter og erstatningar og underhaldsbidrag. Du kan få gjeldsordning sjølv om du har gjeld til det offentlege, men i nokre tilfelle skal denne gjelda behandlast spesielt.

Det kan til dømes føre til at gjeldsordningsperioden blir lengre, eller at andre kreditorar må vente. Det kan òg hende at offentleg gjeld - i alle fall inntil vidare - står i vegen for ei gjeldsordning, men det skjer ikkje ofte. Hugs at du kan søkje gjeldsordning sjølv om du berre har offentleg gjeld, til dømes restskatt.

Dokumentasjon

Ta godt vare på dokumentasjon av innbetalingar og liknande. Du kan måtte dokumentere at du har gjennomført gjeldsordninga.

Treng du fleire opplysningar?

Har du gjeldsproblem, har du ofte mange spørsmål som det er vanskeleg å finne svar på. Hugs då at du har krav på nødvendig rettleiing frå namsmannen. Du kan òg kontakte sosialkontoret eller det kommunale bustadkontoret. Dersom du synest det er vanskeleg møte opp sjølv og ta den første kontakten med eit slikt kontor, kan du ringje eller skrive brev.

> Du kan lese meir om gjeldsordningslova på www.lovdata.no

Sjå òg faktablad frå Forbrukarrådet om:
> Betaling av gjeld
> Inkasso - dine rettar
> Kausjon

Sist oppdatert: 23.05.06 23:29
Bookmark and Share

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktør for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl. Ansvarlig redaktør for Forbruker-rapporten er Jarle Oppedal.

RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)