Når du er i feriemodus, kan du gjere ting som du angrar på. Gode seljarar har for lengst forstått det. Kjem du som turist, står dei klare for å tene pengar på deg. Særleg aggressive har timeshare- og seinare ferieklubbseljarane vore. Korleis sikrar du deg mot dei, og kva skjer om du angrar? Forbrukarrådet gjer deg råd.
Det begynner så bra. Du blir stoppa av ein tilsynelatande hyggjeleg person. Vedkomande spør om du vil delta i ei marknadsundersøking mot lovnad om premie. Du har god tid og for ein gong skuld vinn du ein gratis middag med transport. Plutseleg er du på ein avsidesliggjande hacienda og kjenner deg pressa til å kjøpe ei timeshare-leilegheit. Depositumet på 70 000 er allereie betalt via kredittkortet.
-Forbrukarrådet får litt under hundre meldingar kvart år frå folk som vil ut av timeshare-avtalen, eller ferieklubben, seier fungerande leiar i Forbrukar Europa for Forbrukarrådet Mathieu Veulemans
Det er forskjellige reglar for timeshare og ferieklubbar. Timeshare-avtalar gir deg rett til å leige ei leilegheit i minst tre år, mot ein fast sum. Etter EØS-reglar har du ein ti dagars angrerett. Får du ikkje vite om angreretten, vil du ha ein utvida frist på tre månader. For ferieklubbar, som gir deg rabatterte opphald på spesielle hotell og transport, finst ingen lovfesta angrerett enno. Til gjengjeld vil seriøse selskap tilby angrerett.
- Forbrukarrådet har laga nokre gode råd før og etter kjøp som sikrar rettane dine som timeshare-, eller ferieklubbkunde best mogeleg. Vi har også laga klagebrev som kan hjelpe deg, seier Mathieu Veulemans.
Standardbrev finst i klageguiden vår. Ved kjøp utanfor Noreg, men innanfor EU/EØS-området, kan du klage til Forbruker Europa. Kjøper du timeshare-leilegheit, eller ferieklubbmedlemskap i Noreg, finnast det for tida ingen klageinstans.
- Hald hovudet kaldt i sommarvarmen, og følg våre råd, seier fungerande leiar i Forbrukar Europa Mathieu Veulemans for Forbrukarrådet.
Forbrukarrådet ønskjer alle ein god tur!
Forbrukarrådet er størst på gratis rettshjelp for forbrukarane i Noreg. Treng du råd og rettleiing, sjekk ut www.forbrukerportalen.no kan ringje forbrukartelefonen på 03737. Følg oss på facebook.com og twitter.com for gode råd i sommarvarmen.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
(Foto: Illustrasjon: colourbox.com)
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)