Sjølv om du har all grunn til å tru at handverkaren jobbar kvitt for deg, kan du bli ansvarleg om han likevel snyt skatt – dersom du har betalt kontant.
Summar over 10 000 kroner kan gje deg trøbbel. Frå inngangen til 2011 er det nemleg ikkje lenger heilt greit å bruke kontantar ved kjøp av tenester frå næringsdrivande - sjølv om du har fått kvittering og har all grunn til å tru at du har kjøpt kvitt arbeid. Nye reglar i skattebetalingslova gjer deg medansvarleg for skatten og momsen til tenesteytaren (for eksempel handverkaren) dersom du har betalt kontant med over 10 000 kroner.
Det er allereie ulovleg å kjøpe det du forstår er svart arbeid. Og for verkeleg å få has på den svarte økonomien strammar styresmaktene no grepet. Sjølv om alt skulle vere i orden når du kjøper ei teneste, og du trur du kjøper kvitt, kan du som forbrukar likevel kome i skattetrøbbel dersom du betalar kontant og summen er større enn 10 000 kroner. Det gjeld også delbetalingar som i løpet av eitt år overstig 10 000 kroner. Same kjøp vil være risikofritt om du betalar gjennom bank.
Dei nye reglane forbyr ikkje kontantar, men er ei oppfordring frå styresmaktene om å bruke bank og på den måten redusere potensialet for svart økonomi. Sidan reglane rettar seg mot forbrukarane har vi svart på nokre sentrale forbrukarspørsmål knytte til det nye regelverket:
Det er berre når du kjøper tenester og produkt knytte til tenester frå ein næringsdrivande og betaler med meir enn 10000 kroner i kontantar du utset deg for medansvar. Reglane gjeld både enkeltkjøp og løpande leveransar (eksempelvis vasking) over tid som blir betalt med meir enn 10000 kroner i løpet av eit år.
Kontantar er enno lovleg, så du er ikkje skuldig i noko lovbrot om du betaler sjølv store summar kontant. Det å bli medansvarleg for andre sin skatt, er i disse tilfella heller ikkje noko straff. Det er eit objektivt medansvar knytte til handlinga kontantbetaling av over 10000 kroner. Eit ansvar du unngår ved å registrere betalinga i ein bank.
Ei teneste er i lova definert temmeleg vidt – nemleg som «det som kan omsettast og ikkje er varer». Inkludert i tenester er rettar til varer og immaterielle verdiar. Produkt, eller varer som lova kallar det, omfattar «fysiske gjenstandar, herunder fast eigedom, elektrisk kraft, vatn frå vassverk, gass, varme og kulde». Alt anna er i praksis tenester.
Etter dei nye reglane kan du bli medansvarleg når du kjøper ei teneste og varer knytte til tenesta. Om meir enn 80 prosent av prisen gjeld varer, er du ikkje medansvarleg.
Nokre har av forskjellige grunnar verken bankkonto eller kort. Nokre vil helst berre bruke kontantar. Det vil alltid være mogeleg å gå i ein bank å kjøpe ein bankremisse med kontantar, og så gje remissen til den du har kjøpt tenesta frå. Dette vil ikkje reknast som eit kontantkjøp og du går fri frå medansvaret.
Du har som forbrukar berre ansvar for den skatten og momsen som kan knytast til den tenesta du har kjøpt og betalt kontant. Og av skattematematiske årsaker er skatteansvaret som forbrukar sett til maksimum 75 prosent av den summen du har betalt for tenesta. Ansvaret for momsen er avgrensa til momsbeløpet.
Medansvaret skal, ifølgje Skattedirektoratet, også vere avgrensa til ditt kjøp av tenesta. Det tyder at om den næringsdrivande snyt skatt frå eit anna prosjekt han har gjort for andre, skal ikkje du måtte dekkje den skatten. Korleis det skal provast at det er dine pengar det blir snytt skatt eller avgift av, har vi ikkje fått forklaring på. Berre tida vil vise om vansken med å prove dette går i forbrukarens (din) favør.
Normalt har ein privatperson ansvar for økonomiske tilhøve, skattar og avgifter tre år bakover i tid. Næringsdrivande har ansvar i 10 år. Etter dei nye reglane kan medansvaret knytt til store kontantkjøp vare i 10 år, også for deg som privat forbrukar.
Det vil være vanleg klageadgang som om du klaga på skattelikninga. Ein kan sjølvsagt gå til sak om klaga ikkje fører fram.
Les meir på svartøkonomi.no
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
(Foto: colourbox.com)
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)