For mange er utanlandsferie synonymt med shopping. Du har god tid, og utvalet er eksotisk. Men pass på at ikkje handelen set plettar på rullebladet ditt, eller blir langt dyrare enn du hadde tenkt deg.
Tanken på tollfri handel får det kanskje til å rykkje i shoppemuskelen din? Fritaket gir deg eit hyggjeleg tilskot til feriepengane, men merk deg maksgrensa før kredittkortet går varmt, åtvarar Ragnar Wiik. Han leier Forbruker Europa, ei teneste frå Forbrukarrådet.
- Er du ute av landet i meir enn 24 timar, kan du handle for 6000 kroner utan å betale toll. Er utanlandsreisa av kortare lengd, er grensa sett til 3000 kroner, seier han. Alt du har kjøpt skal med i denne summen. Har du for eksempel reparert bilen din, må også det reknast med.
Eit anna sparetips er verdt å hugse på når du kjøper ei vare av ein viss verdi. Får du med ein blankett for å få tilbake moms, får du etter ei tid avgifta utbetalt.
Som du sikkert har fått med deg, er det grenser for kor mykje alkohol og tobakk du kan ta med heim til Noreg utan å betale toll og avgifter. Kvota for tobakk er 200 sigarettar, eller 250 gram andre tobakksvarer, og 200 blad sigarettpapir. Du kan ta med ein liter brennevin, 1,5 liter vin, og 2 liter øl eller cider opptil 4,7 prosent. Brennevinskvota kan du byte inn i 1,5 liter vin eller øl, medan du kan byte vinkvota inn i tilsvarande mengd øl, opplyser Wiik.
Det florerer av meir eller mindre vellukka kopiar av kjende merkevarer. Solbriller, klokker og klede blir tilbodne til ein brøkdel av prisen for ekte vare.
- Ver særleg varsam på marknader og gatehjørne; her er det ikkje sannsynleg at Gucci sel klokker, slår leiaren av Forbruker Europa fast.
Og hugs at du ikkje står utan rettar. I heile EU/EØS-området kan du reklamere på ei vare i minimum to år etter kjøpet.
Vidare tilrår han ikkje å gå amok i frysedisken; du kan nemleg ikkje ta med deg meir enn ti kilo. Har du vore utanfor EØS-området, er det rett og slett ulovleg å ta med kjøt heim.
- Følgjer du råda våre, kan du fylle opp frysar og skap med gode sommarminne, og begynne kvardagslivet med godt samvit, seier Ragnar Wiik. Så sant du då ikkje har ein potet i bagasjen - den er det nemleg ikkje lov å innføre utan løyve, avsluttar han med eit smil.
Sjekk toll.no for detaljar. Der kan du òg sjå korleis du sjølv fortollar varer for opptil 1000 kroner.
Forbrukarrådet er størst på gratis rettshjelp for forbrukarane i Noreg. Treng du råd og rettleiing, sjekk ut www.forbrukerrådet.no eller ring 03737. Dersom tvisten er med næringsdrivande i eit EU- eller EØS-land; klikk deg inn på www.forbrukereuropa.no eller ring 23 400 500.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
-I heile EU/EØS-området kan du reklamere på ei vare i minimum to år etter kjøpet, seier Ragnar Wiik, leiar for Forbruker Europa. (Foto: Henrik Ebne)
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)