Ferietid er flytid. Dårleg vêr, ønskje om å oppleve framand kultur og lange avstandar gjer at nordmenn er dei som flyr mest i Norden. Truleg er det også difor at det er dei som oftest står stranda på ein flyplass. Kva slags rettar har du då? Kan du få dekka utgifter til eit ekstra måltid? Forbrukar Europa gjer råd og rettleiing.
Folk flyr meir enn nokon gong. Å fly er eit gode som eingong var for dei få, men no er det nærmast som å ta bussen. Flyging er likevel ingen busstur, men handlar om høgteknologi og avansert logistikk. Forbrukaren er derfor godt ivareteken gjennom god forbrukarlovgjeving. Det blir ikkje alltid følgt opp i praksis dessverre. Det viser henvendelsane Forbrukar Europa og Forbrukarrådet får frå forbrukarane.
- For å sikre at reglane vert følgde må folk vite om dei. EU-forordninga 261/2004 (rettar til passasjerane) skal vere oppslegne på flyplassen, så sjekk neste gong du er på flyplassen, seier fungerande leiar ved Forbrukar Europa Mathieu Veulemans
Om flyet vert innstillt, overbooka eller uvêr hindrar flyet i å lette, er det laga reglar for å ivareta deg som passasjer.
- Om flyet er tar av seinare enn det skal eller vert innstillt på grunn av dårleg vêr har du rett på forpleining som svarar til ventetida. Det kan vere snakk om mat etter to timar, og hotell viss du må overnatte, seier Mathieu Veulemans
Reglane seier også at du har rett på to telefonsamtaler, sjølv om det i dagens mobilverden neppe har så mykje å seie. Ved lengre forseinkingar har du rett på å få pengane tilbake for den delen av flyturen som du ikkje har gjort, eller alle pengane om sjølve reisa ikkje lenger har nokon meining for deg. Om reisa vert kansellert eller forseinka med meir enn tre timar, har du rett til erstatning om selskapet ikkje har gode grunnar for innstillinga eller forseinkinga, til dømes at det ikkje hadde nok mannskap på standby. Du har rett på standardkompensasjon i forhold til lengda på reisa.
- standardkompensasjonane, som er frå 250 euro til 600 euro, får du utan å ha blitt påført eit økonomisk tap. Det er gjeld kun for flyreiser i EU/EØS området, så har du reist mellom Sidney og Peking kjem du ikkje langt med kravet, seier Veulemans.
Kompenasjonen kan bli avgrensa til halvparten om flyselskapet greier å få deg fram til reisemålet innan 2 til 5 timars avvik avhengig av reiselengda. I tillegg til standardkompensasjonen kan du og kreve erstatning etter vanlege reglar
Det er ikkje dei same gode reglane når det gjeld bagasje. Er bagasjen borte har du rett på nødvendigheitsartiklar, som toalettartiklar og klesskifte innafor rimelege grenser. Hugs å melde frå om mista eller skada bagasje så fort som mogleg, og spar på kvitteringar for utgiftene dine. Meldefristen for skada bagasje er 7 dager.
- Hugs å fylle ut PIR (Property Irregularity Report) før du drar frå bagasjeutleveringa, minn Mathieu Veulemans oss på.
Dersom bagasjen ikkje kjem til rette innan tre veker vert den rekna som tapt. Det er sett ei grense i EU/EØS området opp til 11 000 kroner. Reiser du utanfor EU/EØS-området er erstatninga etter talet på tapte kilo, og kiloprisen sett til omtrent 170 kroner. Dersom bagasjen var fylt med dyrt filmutstyr vil det neppe dekkje tapet du har hatt. Legg heller ikkje arvesmykkane dine i bagasjen. Det er difor lurt å ha ei reiseforsikring. Du finn ei oversikt på finansportalen.no over prisar og vilkår for forskjellige reiseforsikringar.
Dersom du meiner at du ikkje har fått det du har rett på i samband med flyreisa, kan du klage til flyklagenemnda eller pakkereisenemnda om reisa også inkluderte overnatting. Forbrukarrådet har laga ein klagerettleiar som du kan nytte. Her finn du og ein samla oversikt over flyrettar dine
Du må klage der du ikkje har fått det du har krav på. Skjer hendinga i Roma, må du klage i Italia. Ring Forbrukar Europa for hjelp. Flyklagenemnda kan likevel hjelpe deg i nokre sakar som har skjedd i utlandet så sjekk med dei og.
I ein pressa situasjon er det ikkje alltid like enkelt å halde fatninga. Forbrukarrådet har derfor laga nokre enkle tips slik at sjølve klagesituasjonen går så smidig som mogleg:
- Følgjer du vår klageguide vil du gjere klagesaken enklast mogleg for deg, seier fungerande leiar i Forbrukar Europa Mathieu Veulemans
Forbrukar Europa ønskjer alle ei god reise!
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
(Foto: Illustrasjon: colourbox.com)
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)