Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Gode råd om mobil- og nettbruk i utlandet

Sjølv om det er ferie slår dei færraste av mobilen. Sidan sist du drog utanlands har du fått smarttelefon og nettbrett som gjerne koplar seg til internett på eigen hand. Forbrukar Europa gir råd og tips om korleis du sikrar nettbruken din best mogleg

Gode råd om mobil- og nettbruk i utlandet

Forbrukarrådet får jamleg henvendelsar frå forbrukarar som har vore på reise, og blir møtt av ei skyhøg rekning for mobil- eller internettbruk når dei kjem heim. Vi gir deg råd og rettleiing om korleis du skal halde forbruket nede, samt kva slags reglar som gjeld og klagemoglegheiter som finst.

Maksimumsprisar i EU/EØS-området

For å gjere det enkelt og greit å besøke eit anna EU/EØS-land har EU/EØS innført maksimalprisar på mobil- og nettrafikk. Desse endrer seg. For tida er maksprisen sett til kroner 3,39 kr per minutt for å ringje, og du skal ikkje betale meir enn kroner 1,06 per minutt for å motta ei samtale. Moms er inkludert.

Maksimalprisen for å sende ein sms er og 1,06 kr. Det skal ikkje koste noko å motta ein sms. Har du ikkje ein eigen avtale med leverandøren din skal du automatisk få maksimalprisane når du er på reise i EU/EØS-land. Når du kryssar landegrensa vil leverandøren din sende deg ein sms med informasjon om maksimalprisane.

- Blinde og svaksynte har rett på talemelding om maksimumsprisane, så hugs å informere leverandøren din om behovet ditt, seier fungerande leiar i Forbrukar Europa Mathieu Veulemans

Det skal også opplysast om teljarskritt. Dei går på sekund og ikkje på minuttet. Ein kan kun ta seg betalt for eit halvt minutt, etter det skal du betale for den faktiske bruken. Så du kan trygt si hei før du legg på. Du har allereie betalt for det.

Du blir heller ikkje fakturert for å motta talebeskjedar, men du må betale for å spille dei av.

Kun opplysningsplikt for datatilkobling

Det er ikkje dei same gode reglane for å motta datatrafikk i EU/EØS.

- Hugs at det ikkje er nokon maksimumspris for datatrafikk. Det inkluderer biletemeldingar, så ikkje gå bananas med mobilkamera på stranda,dersom du vil spare pengar seier Veulemans med eit smil.

Du skal likevel få melding om at datatenesten vert teken i bruk i EU/EØS-området gjennom pop-ups, sms eller e-post. Det er også eit krav om at leverandøren din har ei sperre som er sett til 500 norske kroner. Les meir på teleprisar.no Her kan du også sjekke prisar når du reiser utanfor EØS-området, men du må rekne med ein monaleg høgare pris og du har ikkje rett på informasjon.

Det er mogleg å klage

Dersom du meiner at du har blitt lurt eller ikkje fått rette opplysningar frå leverandøren din, kan du klage til brukarklagenemnda for teletenester. Vi har laga ein klagerettleiar som du kan nytte, men det beste er å unngå å måtte gå til nemnda. Det kan vere vanskeleg å bevise at du har rett ettersom informasjonen er standardisert. Det kan bli lett ord mot ord.

Korleis unngå høge rekningar

Er du ikkje verna av EU/EØS-reglane på reisemålet ditt, eller du berre ønskjer å bruke så lite pengar som mogleg har Forbrukarrådet laga nokre enkle råd:

  • Datatrafikk er den største kostnaden. Reduser surfing på internett og bruken av program som nyttar datatrafikk.
  • Sjå etter gratis trådlause nettverk for smarttelefonen eller datamaskinen.
  • Slå av automatisk synkronisering av kalenderen din og e-postkonto. Det kan bli svært dyrt.
  • Unngå program og appar som brukar mykje datatrafikk, som Google Maps og YouTube for mobil.
  • Unngå lange interne samtaler mellom deg og reisefellene dine.
  • Sjekk på teleprisar.no om leverandøren din har samarbeidsavtaler med operatørar i det landet du skal til.

- Følgjer du våre enkle grep slepp du å få ei skyhøyg rekning for mobil- og databruk når du kjem heim, seier fungerande leiar Mathieu Veulemans ved Forbrukar Europa.

Forbrukar Europa ønskjer alle ein god tur!

Sist oppdatert: 25.10.11 10:09
Bookmark and Share

(Foto: Illustrasjon: colourbox.com)

 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)