Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Bilkjøp, husleige og handverkarar er mest irriterande

Kan du krysse av for at du både har kjøpt bil og hatt lekkasje i huset du leiger? Då kan du ha god grunn til å gremmast. Dei aller fleste meldingane til Forbrukarrådet handlar nemleg om bilkjøp, leige av bustad og handverkartenester.

Fyrste halvdel av 2011 tok 48 438 forbrukarar kontakt via 03737 og hjelp@forbrukerradet.no, og heile ti prosent handla om bil. Spørsmål kring husleige stod for seks prosent, medan fem prosent handla om handverkarar.

Det er også mønsteret i kvart enkelt fylke, men ikkje i Finnmark. Der kjem nemleg snøscootere på tredjeplassen

Betre føre var

Så vil du unngå irritasjonsmoment, bør du eige både bustad og sykkel, og helst være nevenyttig attpå.

- Diverre er pallplasseringa eins fra år til år, seier Randi Flesland, direktør i Forbrukarrådet. – Det syner vel at bilkjøp er eit minefelt. Men det tyder ikkje at du må gå på ein smell kvar gang. Gjer du skikkelige forarbeid, og hentar inn naudsynt kompetanse, skal du sleppe å kjøpe katta i sekken. Det er særlig fare på ferde når både seljar og kjøpar er privatpersonar, så begge partar bør kikke på tipsa på forbrukerrådet.no, rår Flesland.

Leie butilhøve

Den same problemstillingen går igjen ved leige av bustad, fortel ho vidare. Private leiger hjå private, og altfor ofte er leigetilhøva for uformelle for problema som kan oppstå. - Det kan oppstå mange kostbare situasjonar knytta til ein bustad, og då er det viktig med klare reglar og ansvarstilhøve, understrekar forbrukaranes talskvinne. Og opplyser at også her er gode råd å finne på forbrukerportalen.no

Rørleggarsprekken

Når eit tilbygg skal reisast, eller vassrør skiftast, må dei fleste av oss ringe etter hjelp. Handverkarane hamnar altså på tredjeplass, og blant saker der forbrukar har definert yrkesgruppe i statistikken, finn vi rørleggarane. Flesland trur at manglande kommunikasjon er ei viktig årsak til alle meldingane.

- Det er eit stort gap mellom kompetansenivået til ein fagmann og til ein privatperson. Då er det fort gjort å snakke forbi kvarandre, slik at mistydingar oppstår. Difor; bruk standardkontrakt – få ting ned på papiret for å utrydde flest mogleg feiltolkningar, oppmodar ho.

Sist oppdatert: 09.09.11 14:46
Bookmark and Share

(Foto: )

Tre på topp

1. Kjøp av bil: 5210 stk.

2. Husleige/tomteleige: 3047 stk.

3. Handverkartenester: 2466 stk.

 

Relatert innhold:

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)