Bilete frå julehøgtida og nyttårsfeiring er verdifulle minne vi vil ta vare på. For å sikre at bileta ikkje går tapt, er det viktig å syte for tryggingskopi av julebileta.
Mange har fått nye digitalkamera til jul, og det er knipsa hyppig frå familiestundene og festar i jula. Det er fort gjort at datamaskina eller mobiltelefonen blir øydelagd, infisert av virus eller stole. Har du ikkje teke tryggingskopi, kan alt forsvinne.
- Vi tilrår at du tek tryggingskopi av bileta, anten på ein ekstern harddisk eller via ei lagringsteneste på nett. Syt òg for at bilete på mobilen er lagra ein annan stad. Det er alltid smart at tryggingsskopien blir oppbevart utanfor bustaden din, då er du sikra i tilfelle innbrot eller brann, seier Ingeborg Flønes, forbrukarservicedirektør i Forbrukarrådet.
Å ta tryggingskopi er enkelt, og handlar i praksis om at du tek kopi av dei aktuelle filene til ein annan stad enn datamaskina, kameraet eller telefonen din.
Tryggingskopiering på 1-2-3
1. Vel eit lagringsmedium som dekkjer behova dine. Du kan for eksempel bruke ein ekstern harddisk eller ei lagringsteneste på internett.
2. Ta jamnleg tryggingskopi, og sjekk at den verkar. Ta tryggingskopi av alt innhald du ønskjer å ta vare på. Tryggingskopieringa bør skje automatisk.
3. Oppbevar tryggingskopiane trygt. For å sikre deg mot brann og tjuveri, bør du oppbevare tryggingskopiane utanfor heimen.
Om du ønskjer å bruke lagringstenester for bilete på nett kan du sjå etter OBS!-logoen. OBS-Lagring! er ei norm for tryggingskopiering av bilete på nett utarbeidd av IKT-Norge og Forbrukarrådet. På desse sidene kan du også sjå kven som er medlem av ordninga
Sjå også Post- og teletilsynet sine Nettvett-sider for fleire tips om digital tryggleik.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
Hugs tryggingskopi av julebileta dine! (Illustrasjonsfoto) (Illustrasjonsfoto: Colourbox.com)
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)