Sjølv når du er på ferie skal du bu ein stad. Ved sidan av hotell og camping leiger mange seg hus eller hytte i Noreg eller i utlandet. Kva rettar har du, og om det regnar tvers gjennom taket på hytta - korleis skal du klage? Forbrukar Europa gir deg råd og rettleiing.
Overnatting er ein viktig del av ferieplanlegginga, anten du har tenkt å overnatte på ein campingplass, leige hytter eller bu på hotell. I dag finst det mange gode søkjemotorar på nett, slik at du enkelt kan finne ein stad å bu. Det finst ingen spesielle reglar for fritidsleige. Husleigelova gjeld berre for utleige av bustad, slik at det er vanleg avtalerett som gjelder for fritidsleige. Det tyder at du skal få det du er blitt opplyst om. Det er heller ikkje angrerett når du bestiller hotell og feriebustad.
- Vi ser at en del forbrukarar angrer seg, og spør om dei har angrerett. Det har dei ikkje - sjølv om tenesta er kjøpt på nettet fell ho likevel utanfor angrerettlova. Men dei fleste hotell er fleksible, og det er vanleg å kunne avbestille inntil dagen før, seier fungerande leiar Kirsti Pamphlett ved Forbrukar Europa.
Det er den informasjonen du får om overnattingsstaden som er utgangspunktet for kva du har rett til. Dei fleste katalogar og nettstader opererer med stjerner frå ei til fem som gjev ein indikasjon på kva du kan vente. Det finst ingen internasjonal standard, men i kvart land har bransjen sitt eiget nasjonale rangeringssystem. I Noreg er tildømes ordninga frivillig. I tillegg må du ta omsyn til kva standard du kan vente i dei einskilde landa.
- I Tyskland kan du vente høy hygienisk standard, sjøv på rimelige hotell, medan det i England er så ymse, seier Kristi Pamphlett med et smil.
Mange ønskjer å leige leiligheit eller bustad privat, eller gjennom ein formidlar når ein skal feriere i utlandet. Om du leiger gjennom eit firma vil du være trygga gjennom EU sitt forbrukardirektiv. Det tyder at du er trygga mot urimelege avtalevilkår, og kan kome inn under eventuelle klageordningar. Om du leiger frå private har du ingen spesiell forbrukartrygging, og det vil alltid være noko utrygt å betale på forskot så lenge du ikkje brukar kredittkort.
- Brukar du kredittkort, kan du med lova i hand klage til kredittkortselskapet om du ikkje får det du er lova av hotellet eller utleigefirmaet, seier fungerande leiar.
Finansavtalelova §54 b opnar for reklamasjon om du ikkje får det du er lova, men du må først klage til tenesteytaren. Når du ikkje fram overfor verken tenesteytar eller kredittkortselskapet, kan du klage til finansklagenemnda.
- Du må alltid klage på staden, slik at tenesteytar kan gjøre opp for seg. Om ikkje kan du miste retten til å klage, seier Pamphlett.
Det er forskjellige regler frå land til land. I Noreg er det vanleg avtalerett som gjeld, og det finst ingen spesielle klagenemnder for leige av feriebustad. Om du har leigd av eit firma i Europa, vil saka kunne falle inn under lokale klagenemnder. Forbrukar Europa, som hjelper forbrukarar som har kjøpt ei vare eller teneste i EU/EØS-området, kan hjelpe deg med å klage på slike kjøp i utlandet.
Det beste er å unngå å komme i problem. Vi har difor laga ei hugseliste for deg slik at du kan sikre deg så godt som mogeleg.
- Følgjer du våre tips og råd om hotell og leige av feriebustad er du trygg, sier fungerande leiar Kirsti Pamphlett ved Forbrukar Europa
Forbrukar Europa ønskjer alle ei god reise!
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
(Foto: Illustrasjon: colourbox.com)
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)