Vil du tumle rundt på kartet etter eige innfall, kan leigebil vere ei fristande løysing. Men ferieidyllen kan få ein bråstopp dersom du ikkje les det med lita skrift, åtvarar Forbrukar Europa.
I leigebil kan du reise kor du vil – heilt utan å bry deg om kvardagslege ting som avgangstider og stoppestader. Nokon hentar draumebilen hos ein velkjend utleigar i Brüssel, medan andre veljer ein rusten holk på ei gresk øy. Kirsti Pamhlett er fungerande leiar av Forbrukar Europa, og åtvarar dei som trur at det berre er å ha reiseforsikringa i orden.
- Nei, i motsetnad til kva mange trur, gjeld den normalt ikkje skadar på bil, avkreftar Kirsti Pamphlett. Heller ikkje forsikringa som er inkludert i prisen er tilstrekkeleg. - Den omfattar sjeldan medisinsk behandling eller reparasjonar. Så teikn tilleggsforsikring, sjølv om det kostar nokre kroner. Å droppe ho, kan vere å spare seg til fant.
Kva er det viktigaste å tenkje på før eg leigar bil i utlandet?
- Finn ut kva som er inkludert i prisen jamført med det du treng. Må du ha du barnesete? Må du hente bil utanom kontortid? Skal fleire kjøyre bilen? Jo betre du førebur deg, jo færre overraskingar får du i ettertid. Det er diverre ikkje mogleg å ta ferie frå uhell, og skulle dei hende, gjeld det å halde hovudet kaldt, seier Kirsti. Hennar råd er å kontakte utleigestaden med ei gong, og følgje rettleiinga derifrå.
- Så bør du vurdere å få kontaktinformasjon til involverte og vitne, og eventuelt tilkalle politi dersom situasjonen tilseier det, held ho fram.
- Mange betalar leigebilen med kredittkort, og nokon vert trekt for utgifter dei ikkje har avtale om. Desse klagene topper statistikken, fortel Kirsti. - Meiner du at det ikkje er rett, kan du ta kontakt med kredittkortselskapet, for dette er ikkje lovleg, klarleggjer ho. Det løyser like fullt ikkje tvisten, og den einaste måten å unngå dette på, er å vere nøye ved utlevering og tilbakelevering av bilen. Ta bilete, og gå helst over bilen saman med utleigar. Vert det tvist, ta kontakt med Forbrukar Europa eller Forbrukarrådet for hjelp.
Eit siste råd er å setje seg inn i trafikkreglane der du skal kjøyre bil. - Ein del trur at dei kjem seg unna bøter i andre land, men mange er svært ihuga med å krevje inn over landegrensene. Og av omsyn til trafikktreyggleiken kan det vere greitt til dømes å sjekke kjøyreretninga i landet du er i, avsluttar Kirsti med eit smil.
Forbrukarrådet er størst på gratis rettshjelp for forbrukarane i Noreg. Treng du råd og rettleiing, sjekk ut www.forbrukarradet.no eller ring på 03737. Er tvisten med næringsdrivande i eit EU- eller EØS-land; klikk deg inn på www.forbrukereuropa.no eller ring 23 400 500.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)