Sidan 2008 har omtrent 1200 forbrukarar vendt seg til Forbrukarrådet på telefon og e-post om Telinet Energi AS. Tidlegare har dei klaga på at ein fekk gebyr på 900 kroner for å bryte avtala innan bindingstida. Nå klager dei på høge a konto-rekningar. Vi ber folk tenkje seg om.
Telinet Energi AS sel straumavtaler der ein betaler ein bestemt sum på førehand basert på stipulert forbruk, også kalla a konto-beløp. Det er ein av måtane ein betaler på etter standardavtalen til kraftleverandørane som er framforhandla av Forbrukarombodet saman med bransjen, og er fullstendig lovleg.
Det folk reagerer på, er at dei har fått rekningar som er mykje høgare enn dei vanlegvis har betalt. Nokre av dei som har kontakta Forbrukarrådet fortel om rekningar på mellom 5000 og 10 000 kroner på forbruk dei tidlegare har betalt rundt 2000-3000 kroner for. Dei lurar på om dette kan vere lovleg.
Eit a konto-beløp er satt saman av både stipulert forbruk og stipulerte straumkostnader. No er vi inne i ein periode der straumprisane er svært høge. Somme stader er dei opp mot dobbelt så høge som på same tid i fjor. Då er det ikkje så merkeleg at det ein betalte 3000 kroner for då, må ein no betale 6000 kroner for. Kva kan ein så gjere ?
Dei høge rekningane kjem overraskande på folk, og dei føler seg rådville. Forbrukarar som ringjer inn til Forbrukartelefonen på 03737 seier dei har prøvd å kome i kontakt med Telinet si kundeteneste utan å lykkast. Forbrukarrådet kjenner til at forbrukarar har fått satt ned a konto-beløpet etter å ha kontakta blant anna marknadssjefen, og vi har sjølv opplevd å få sett ned rekninga på vegner av ein som besøkte regionkontoret i Bergen. Det er altså mogleg å få satt ned rekninga, men det er ikkje sjølvsagt.
Det har forbrukarar som har kontakta oss prøvd, men dei har då fått eit gebyr på 900 kroner. Forbrukarombodet og Marknadsrådet slo i vinter fast at Telinet Energi AS sine vilkår om 12 månaders bindingtid og 900 kroner i gebyr for å seie opp avtala er urimeleg etter marknadsføringslova. Telinet Energi AS er ikkje einig i vedtaket, og har anka saka til tingretten der dei i oktober tapte. Årsaka til at dei tapte var at retten ikkje kunne sjå at Telinet Energi AS kunne vise til eit reelt tap som forsvarte det høge gebyret, og at dei fann at gebyret var konkurransehemmande. Dommen er rettskraftig om den ikkje ankast innan 12. desember 2010. Vedtak etter marknadsføringlova har ikkje tilbakevirkande kraft, til skilnad om det var ein dom etter avtalelova. Har du ikkje betalt gebyret kan du vise til avtalelova sine paragrafar §36 og 37og klage saka inn til Elklagenemnda om ikkje Telinet Energi AS gir deg medhald.
Forbrukarrådet rår deg til å sjekke opp prisar og vilkår hos dei ulike kraftleverandørane og sjå om du finn nokon med betre vilkår og betre priser enn du har i dag. Her kan du òg velje leverandørar som fakturerer deg etterskottsvis etter faktisk forbruk. Vi meiner dette er ei betre løysing enn å betale a konto.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)