Forbrukarrådet trur ikkje at eit sentralt gjeldsregister er eit eigna verkemiddel for redusere gjeldsproblema blant folk.
Forbrukarrådet trur ikkje at eit sentralt gjeldsregister er eit eigna verkemiddel for redusere gjeldsproblema blant folk.
Regjeringa vurderer å etablere eit gjeldsregister som skal innehalde opplysningar om kvar enkelt nordmann sine gjeldsplikter. Tanken er at dette vil gi bankane moglegheit til å kontrollere at lånsøkjarar har oppgitt korrekt informasjon i lånesøknaden, og dermed hinder at folk får for mykje gjeld.
- Forbrukarrådet trur ikkje eit slikt register er eit godt verkemiddel for å redusere gjeldsproblem hos privatpersonar, seier underdirektør Jorge Jensen i Forbrukerrådet.
- Vi kan ikkje sjå at gjeldsregister er eit tilstrekkeleg alternativ til allereie gjeldande kredittvurdering. Dagens rutinar for store låneopptak, slik som bustad- og billån, sikrar allereie balanse mellom saksbehandlingstid og informasjon om betjeningsiva til lånesøkjaren.
Forbrukarrådet meiner også at den foreslåtta gjeldsregisteet fort vil kome i konflikt med omsyn til personvernet.
- Dersom alle som driv med sal av lån skal ha tilgang til registeret, vil det lett kunne føre til misbruk av opplysningane. Opplysningar om gjeldsmønstera til enkeltpersonane blir tilgjengeleg for ei stor mengd personar er eit problem i seg sjølv, og då særleg grad for personar som er på veg ut av ei gjeldskrise, seier Jorge Jensen.
Forbrukarrådet fryktar også at eit gjeldsregister vil føre til at bransjen klassifisere kundane sine for å optimalisere meirsal til kundar med låg gjeld. Dette kan veldig fort føre til ei meir aggressiv marknadsføring retta mot denne gruppa.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktør for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)