Forbrukarrådet ber samferdselsminister Liv Signe Navarsete oppmode NSB om å fjerne dei omstridde pristillegga, som kundar må betale når dei løyser billett på toget.
Bakgrunnen for oppmodninga, som kjem i brev til samferdselsministeren, er at dei nye billettautomatane som er sat opp for sjølvbetjening på stasjonane, fungerer dårleg for viktige brukarargrupper, som blant annan blinde og svaksynte.
Forbrukarrådet har i samband med innføringa av dei nye billettautomatar fått negative tilbakemeldingar frå forskjellige forbrukarar.
- Folk synest automatane er unødvendig kompliserte, og følar seg urimeleg behandla ved å bli i kravd for 20 kronar i såkalla ombordstillegg når dei løyser billett hos konduktør på toget, fortel rådgivar Martin Skaug Halsos.
Forbrukarrådet skreiv tidlegare i sommar eit brev til NSB, og føreslo at ein venta med å innføre tilllegget til ein hadde fått ei løysing på problema med automatane.
NSB svarde at ein hadde god kontakt med brukargrupper, slik som Blindeforbundet, og meinte at folk hadde fått nok informasjon om det nye systemet og at det var få negative tilbakemeldingar.
Men no opplyser Blindeforbund Forbrukerrådet om at dei sjølv har skrive brev til samferdselsministeren, kor dei ber ministeren gripe inn overfor NSB for å få fjerna gebyret.
- Dette rimar dårleg med at NSB opplyser at ein har vore i dialog med Blindeforbund om saka, seier Halsos
- Blindeforbundet har til og med gjennomført ein enkel brukartest blant svaksynte, og eit overveldande fleirtal fekk ikkje til å bruke dei nye billettautomatane.
- Som kjøpar av NSB sine tenester på vegner av oss brukarar, og som eigar av selskapet, ber Forbrukerrådet no samferdselsministeren oppmode selskapet om å fjerne tillegget for å løyse billett på toget..
- Det blir etter vår meining urimeleg å ta ekstra betalt når automatane fungerer dårleg for viktige grupper. Den opphavlege intensjonen med billettautomatane var jo at dei berre skulle vere ein ekstra betalingskanal, seier Halsos.
- Forbrukarrådet ser i utgangspunktet positivt på automatisering av billettbetalinga, og har forståing for at NSB aukar prisane for å løyse billett på toget, slik at passasjerar bruker automatane, men understrekar samtidig at visse føresetnader må vere til stades for at NSB skal kunne krevje gebyr for løysing av billett om bord på toget, heiter det i eit brev Forbrukerrådet tidlegare i sommar sende NSB:
- Automatar bør også plasserast på toget, slik at ein kan kjøpe billett på automat om bord, dersom ein er seint ute, skreiv Forbrukerrådet i brevet til NSB tidlegare i sommar.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
- Det blir etter vår meining urimeleg å ta ekstra betalt når automatane fungerer dårleg for viktige grupper, sier Martin Skaug Halsos. (Foto: )
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)