Dårleg undervisning og fråverande lærarar har gjort livet surt for studentane ved Aftenskolen i Trondheim. Denne situasjonen er symptomatisk for ein uregulert utdanningsmarknad, meiner Forbrukarrådet.
Mange elevar opplever kvart år at privatutdanninga dei har valt ikkje held mål. Dette betyr bortkasta pengar og mist tid. Studentane ved Aftenskolen i Trondheim har fått kjenne dette på kroppen.
Undervisinga har vore prega av manglande rettleiing og oppfølging. Lærarkreftene har også vore få og ofte fråverande.
Situasjonen ved Aftenskolen er ikkje haldbar, seier Forbrukarrådet.
- Når ein vel å ta ei privatistutdanning, har eit eit stort eigenansvar for læring, men ein skal likevel få den undervisninga som er avtalt. Er forholda er slik elevane skildrar, er tilbodet mangelfullt. Det betyr at skulen må utbetre forholda så raskt som mogeleg. Dersom ikkje dette skjer, meiner vi at elevane har krav på prisavslag, seier underdirektør i Forbrukarrådet Helene Falch.
Mens andre typar utdanningar er regulerte av lov, kan Aftenskolen operere utan tilsyn.
- Dette er ei privatistutdanning som ikkje fell under opplæringslova, og dermed har heller ikkje nokon eit tilsynsansvar for denne. Sjølv om skulen ikkje er under offentleg tilsyn, har dei ansvar for å levere som forutsett i kontrakten og marknadsføring av undervisningstilboda, seier Falch.
Kvart år blir Forbrukarrådet kontakta av elevar som ikkje mottek den undervisninga dei har betalt for.
Desse sakene illustrerer kor viktig det er å få betre klageordningar på plass. Utan gode klagesystem blir det vanskeleg å få regulert privatskulemarknaden.
- Det er eit paradoks det ikkje finst system som kan vareta interessene til elevane. Alle privatskular børe vere tilslutta ei klageordning som sikrar ei god og nøytral handtering av klagar, seier Helene Falch.
Dersom det oppstår problem under utdanninga, vil dette kunne ha mykje å seie både for økonomien og kompetansbygginga.
- Klag raskt dersom undervisningstilbodet ikkje er som lovt, ikkje vent til skuleåret er omme. En klage skal registreres mottatt, og den skal besvares innen kort tid, sier Falch.
Mange problem kunne vore unngått dersom ein gjer grundig research før ein vel utdanning.
- Fleire undervisningstilbod eigd av private er akkreditert, dvs. godkjent av NOKUT etter fagskulelova eller lov om universitet og høgskular. Dette kan gi ein god indikasjon på kva slags tilbod du får som elev eller student, seier Falch.
Når du skal velje mellom forskjellige undervisningsstader, kan det også vere lurt å spørje om kor mykje oppfølging du får i utdanningstida. Mange undervisningsstader baserer seg på utstrekt sjølvstudium, mens andre satsar tettare opplegg med hyppige kollokvium, seier Falch.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
Er forholda er slik elevane skildrar, er tilbodet mangelfullt. Det betyr at skulen må utbetre forholda så raskt som mogeleg. Dersom dette ikkje skjer, meiner vi at elevane har krav på prisavslag, seier underdirektør i Forbrukerrådet Helene Falch. (Foto: Stian Lysberg Solum, SCANPIX)
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktør for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl. Ansvarlig redaktør for Forbruker-rapporten er Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)