Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Oslo Forsikring lover å følgje bransjenorma

Hører til forsikring

Oslo Forsikring lover å følgje klagenemndene sine vedtak og eigen bransjenorma. - Ein seier for klagenemndene og Oslo kommune sine tilsett, seier Forbrukerrådet.

Forbrukarrådet gjekk nyleg ut og kritiserte Oslo Forsikring, som er Oslo kommune sitt forsikringsselskap, og som står for dei tilsetje sine skade- og gruppelivsforsikringar. Selskapet nekta å føye seg etter Forsikringsklagenemndas vedtak og eiga bransjenorm, noko som medførte at forsikra ikkje fekk oppgjeret nemnda meinte dei hadde krav på.

- Det er svært gledeleg at Oslo Forsikring snur i denne saka. Dette gir dei tilsette betre vern ved ein eventuell tvist med forsikringsselskapet, seier seniorrådgivar Terje Sørensen i Forbrukerrådet.

Det gode selskapet

Det er ein grunnleggjande føresetnad for klagenemndene at begge partar i hovudsak respekterer og følgjer avgjerda til nemnda.

- Det er bra selskapet no tre inn i det gode selskapet blant seriøse forsikringsselskap. Dette er med å støtte klagesystemet, som bransjen sjølv har vore med å byggje opp, Terje Sørensen.

Selskap som er ueinig i avgjerda til nemnda pliktar dei etter bransjenorma å dekkje utgiftene for motparten, dersom dei ønskjer å ta saka vidare i rettsystemet.

Minneleg løysing

I den konkrete saka som låg bak Forbrukerrådets kritikk, lover Oslo Forsikring å ta kontakt med skadelidne for å kome fram til ei minneleg ordning.

- Vi reknar med at forsikringsselskapet tek omsyn til lovnaden om å følgje bransjenorma i den vidare behandling av denne konkrete saka, seier Terje Sørensen.

I all hovudsak er ikkje Forbrukerrådet interessert i minnelege løysingar i etterkant av nemndsbehandlinga. Det har tidlegare vist seg at selskap har nytta seg av den overlegne forhandlingssituasjonen sin til å presse fram løysingar som er rikeleg dårlegare enn det nemnda har vedteke.

Sist oppdatert: 02.07.08 08:51
Bookmark and Share

- Vi er svært glade for at selskapet no tre inn i det gode selskapet blant seriøse, norske forsikringsselskap, seier Terje Sørensen. (Foto: Terje Bendiksby)

 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)