Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Manglande informasjon om ubygde bustader

Hører til bolig

Informasjon om uterom, miljøtiltak, universell utforming og sol- og dagslysforhold blir ikkje prioriterte ved sal av bustadprosjekt. - Viktig opplysningar om bustaden manglar eller druknar i livsstilsinformasjon og unødig tekst, meiner Forbrukerrådet.

Ein studie av salsinformasjonen til to nye bustadprosjekt i Oslo, utførde av Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), viser at det manglar informasjon om sentrale sider ved brukskvalitetane og uteområda til bustadene.

Opplysningar om planløysing, plassering, uteromma sin storleik og kvalitet, sol- og dagslysforhold, universell utforming og miljøtiltak blir ikkje prioriterte i prospekta, går det frem av undersøkinga.

- Undersøkinga viser at viktig informasjon om bustadene anten blir haldne tilbake eller underkommuniserte, seier regionsdirektør Roger Helde i Forbrukerrådet.

- Utbyggjarane og seljarane bør fokusere meir på framtidig bruksverdi når dei presenterer prosjekta, slik at forbrukarane faktisk får den bustaden dei trur dei kjøper

Negative sider

Undersøkinga frå NIBR viser at informasjonsmateriellet også manglar opplysningar om dårlege solforhold, støy og forureining , sjølv om begge prosjekta kan vere utsett for dette.

- Bransjenorma for marknadsføring av bustader slår tydeleg fast at både positive og eventuelt negative trekk ved nærmiljøet skal omtalast med tilnærma same vekt, noko som ikkje tilfelle her, seier Roger Helde.

- Seljarane er klare over dei negative eigenskapane ved prosjekta, men har ingen informasjon om dette i prospekta eller på nettsidene. Dette er informasjon som er særs relevant for dei fleste kjøparar.

Stolar på seljar

Kjøparane seier i undersøkinga at dei i utgangspunktet er fornøgde med informasjonen dei har fått, men viser også til at dei er avhengige av seljarane og at dei stolar på styresmaktene.

- Vi veit at bustadkjøparane i liten grad veit kva eigenskapar dei skal etterspørje ved kjøp av ny bustad, noko som gjer dei avhengige av informasjonen dei får frå seljar. Det er derfor viktig at bustadkjøparane får eit så godt grunnlag for avgjerda si som mogeleg, seier Roger Helde.

I undersøkinga blir det også åtvara mot ei overdriven tru på at styresmaktene sikrar kvaliteten på nybygg, mens det i realiteten er forbrukarane sitt ansvar ved at det tilbodet og etterspørselen i stor grad skal regulere kvaliteten i bustadbygginga.

Hjelp frå Forbrukerrådet

For å hjelpe og dyktiggjere norske bustadkjøparar har Forbrukerrådet i samarbeid med Byggekostnadsprogrammet utarbeidt informasjon til folk som skal kjøpe ny bustad, byggje bustad eller pusse opp. Meir informasjon finn du på Forbrukerportalen.no/bolig

Sist oppdatert: 22.07.09 16:44
Bookmark and Share

- Undersøkinga viser at viktig informasjon om bustadene anten blir haldne tilbake eller underkommuniserte, seier Roger Helde . (Foto: )

Studien ”Hvordan kjøpe ein bustad som ikkje finst?” er utarbeidt av NIBR og lagt fram i november 2008.

Studien tek for seg salsprosessen og informasjonsmateriell knytt til utbyggingsprosjekta M-X og Møllehjulet, som er det andre byggjetrinnet av OBOS´ utbygging av Kværnerbyen.

Begge prosjekta blei lagde ut for sal våren 2007.

 

Relatert innhold:

Person

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)