Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Kortsiktig og lite forbrukarvennleg utgreiing frå Medietilsynet

Hører til digitale tjenester

Medietilsynet sin utgreiing om individuelt abonnentval i kringkastings- og kabelnett er skuffande lesing, meiner Forbrukerrådet.

Medietilsynet la i dag fram ein rapport kor dei tilrår å ikkje innføre regulering for å oppnå enkeltkanalval i kringkastings- og kabelnett. Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå kultur- og kirkeminister Trond Giske.

- Medietilsynet tek dessverre ikkje omsyn til at forbrukarane i stor grad ønsker mogleigheita til sjølv å velje enkeltkanalar, seier rådgivar Hans Marius Graasvold i Forbrukerrådet.

Ønskjer enkeltkanalar

Forbrukarrådet gjennomførte i september i år ei undersøking som klart viser at norske forbrukarar i framtida vil prioritere TV-tilbod som gir høve til fritt kanalval.

Undersøkinga, som blei utførd av TSN Gallup, viser at to av tre norske tv-sjåarar sjølv vil velje kva kanalar dei skal abonnere på. Seks av ti seier også dei ville leggje stor vekt på å sjølv kunne setje saman ein kanalpakke dersom dei skulle velje ny tv-leverandør.

- Medietilsynet legg nesten ukritisk til grunn påstandane til tv-disributørene om at enkeltkanalval vil resultere i økt pris og redusert mediemangfold. Dei tek ikkje omsyn til forbrukaretterspørselen og kva effekt denne på sikt vil kunne ha på prisen, seier Hans Marius Graasvold.

- Vi etterlyser eit meir progressivt Medietilsyn, som kan verke som ein pådrivar for å oppnå størst mogeleg valfridom for forbrukarane.

Større mangfald

Forbrukerrådet har lenge argumentert for at kanalpakkar kan behaldast, men at forbrukarar som ønskjer tilgang til enkeltkanalar, med eller utan tillegg av pakke, skal kunne få det. Medietilsynet har dessverre ikkje vurdert ei slik løysing.

- Det er ikkje nødvendigvis snakk om anten eller. Vi ønskjer eit større mangfald og at forbrukarane får større valfridom i forhold til å velje kva dei skal sjå på tv. Vi er undrande til at Medietilsynet ikkje utgreier denne kombinasjonen, som er attraktiv for mange forbrukarar, seier Hans Marius Graasvold.

Forbrukerrådet etterlyser også eit vernebuingsperspektiv i utgreiinga: Vil Medietilsynet tilrå ei regulering dersom det på sikt viser seg at marknaden ikkje sjølv sørgjer for større tilbod av enkeltkanalar?

- Vi registrerer også at både Høyre og Venstre stiller seg kritiske til Medietilsynets vurderingar. I tida fram mot neste stortingsval vil Forbrukerrådet sjå nærmare på om det er større vilje blant opposisjonspartia til framoverskodande og forbrukarvennlege tiltak i digital TV-marknaden, seier Hans Marius Graasvold.

Sist oppdatert: 22.02.11 13:05
Bookmark and Share

- Vi etterlyser eit meir progressivt Medietilsyn, som kan verke som ein pådrivar for å oppnå størst mogeleg valfridom for forbrukarane, seier Hans Marius Graasvold. (Foto: Knut Falch)

 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)