Forbrukarrådet har vedteke å seie opp avtalen om forbrukarinformasjon på bibliotek og servicekontor frå 1. juli i år.
- Ordninga Forbrukerinfo har gitt mange mykje god forbrukarinformasjon, samtidig trur vi at vi når enda fleire ved å satse på andre informasjonskanalar, slik som forbrukarportalen og forbrukartelefonen. Dette gir også større moglegheit til å målretta informasjon vår, seier konstituert direktør Irene Solberg i Forbrukerrådet.
Forbrukerinfo ble igangsatt for å tilby enkel forbrukerhjelp via folkebibliotek og kommunale servicekontor over hele landet. Ordninga blei skipa som eit prosjekt i 2004, og det var i 2007 oppretta 150 einingar fordelte på ein tredjedel av landet sine kommunar.
- Sjølv om avtalen no blir sagd opp, står sjølvsagt biblioteka og servicekontora frie til framleis å distribuere informasjon frå Forbrukerrådet og hjelpe forbrukarar, seier Irene Solberg.
Ei vidareføring av tilbodet kan skje etter initiativ frå kommunane, og i samarbeid med Forbrukerrådets regionale kontor.
Forbrukarrådet har hatt eit godt samarbeid med Forum for offentlege servicekontor og Statens senter for arkiv, bibliotek og museum i arbeidet med å byggje opp ordninga.
- Forbrukerinfo har gitt mange mye god forbrukerinformasjon, samtidig tror vi at vi når enda flere med mer målrettet informasjon ved å satse på andre informasjonskanaler, sier Irene Solberg. (Foto: Stian Lysberg Solum, SCANPIX)
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)