Den tidlegare straumleverandøren B2C Energy er konkurs. Firmaet mista konsesjonen til å levere straum i mars 2007, og skifta etter det namn til Smart Consult. Tidlegare kundar som har pengar til gode bør no melde krava sine i buet.
Krav frå tidlegare kundar vil bli rekna som uprioriterte i samband med konkursbehandlinga hos B2C Energy/Smart Consult. Normalt finst det ikkje tilstrekkeleg med verdiar i eit konkursbu til å dekkje alle uprioriterte krav.
Forbrukarrådet tilrår likevel at alle kundar som hadde betalt inn forskot til B2C Energy for straum dei ikkje har fått levert, og såleis har pengar til gode, rettar eit skriftleg krav om tilbakebetaling til konkursbuet.
Kravet må meldast innan 2. januar 2009 til bustyrer:
Advokat Viggo Scherger
Akersgt. 8
0158 OSLO
E-post:
scherger@rime.no.
For fullstendig kunngjering av konkursopninga sjånettsidene til Brønnøysundregistrene.
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)