Justervesenet vil no ha innført periodiske kontrollar av drosje-taksameter. - Eit viktig skritt på vegen for å auke forbrukarane sin tillit til taxibransjen, meiner Forbrukarrådet.
- Vi må kunne vere sikre på at ein kilometer er ein kilometer også i teljeverket på taksameter, seier rådgivar i Forbrukarrådet Trond H. Nilsen.
Forbrukarrådet kravde i sommar offentleg kontroll med taksametera etter at alle drosjane i ein test på Bjerkebanen tok betalt for ein lenger tur enn dei faktisk køyrde.
I brev til Justervesenet og Noregs Taxiforbund bad Forbrukarrådet om at det blei teke fatt i problema for å sikre at taksametera bereknar korrekt avstand - og såleis også korrekt pris.
I ei nyleg sendt innstilling til Nærings- og handelsdepartementet går Justervesenet no inn for at det blir innført kontrollordningar knytta til drosjane sine taksameter. Det blir tilrått at det blir etablert krav ved sal av taksametera samt ei myndighetsstyrd tilsynsordning for taksameter i bruk.
- Dette er i tråd med Forbrukarrådets ønske, og vi meiner at ei slik ordning vil vere eit viktig skritt på vegen for å auke forbrukarane sin tillit til bransjen, seier Trond H. Nilsen.
- Forbrukarrådet har jobba for at det blir innført justerplikt på dette feltet. Det har vore ulogisk at ein har hatt offentleg kontroll med vektene i dagligvarehandelen og med bensinpumpene, mens det har ikkje vore noka form for offentleg kontroll med drosjane sine taksameter.
Innstillinga frå Justervesenet er no sendt Nærings- og handelsdepartementet til vurdering. Dersom departementet vender tommelen opp for innstillinga, vil Justervesenet få i oppdrag å utforme regelverket som deretter vil bli sendt på høyring. Det blir forventa at ordninga blir innførd i løpet av 2009.
Forbrukarrådet har tidlegare i brev teke opp med Noregs Taxiforbund at det bør takast skritt for å sikre at rutinane på dette feltet er tillitvekkjande, inntil ein offentleg kontroll blir innførd.
Taxiforbundet har i sitt svarbrev vist til at dei ikkje har funne behov for spesielle tiltak, bl.a. fordi dei oppfattar at det rår uvisse ved Forbrukarrådets undersøking.
Taxiforbundet vil også sjå an behandlinga av innstillinga i Næringsdepartementet.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
Det har vore ulogisk at ein har hatt offentleg kontroll med vektene i dagligvarehandelen og med bensinpumpene, mens det ikkje har vore noka form for offentleg kontroll med drosjane sine taksameter. Justerplikt er i tråd med Forbrukarrådets ønske. (Foto: Scanpix)
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)