Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Skjult angrerett på norske messer

Skjema for angrerett var fråverande hos nesten alle seljarane på messer Forbrukarrådet har testa. - Manglande informasjon om angrerett kan frårøve forbrukarar grunnleggjande rettar, seier rådgjevar i Forbrukarrådet Dag M. Olsen.

Forbrukarrådet testa over 60 seljarar ved messene ”Gjør din bustad betre” i mars og ”Foreldre og barn-festvialen" i juni i år. Resultata var nedslåande. Berre 5 av 31 seljarar på den fyrste messa og 1 av 30 på den andre brukte skjema for angrerett.

- Ved sal på messer og utanfor fast utsalsstad skal det alltid opplysast om angrerett og leggjast ved eit eige skjema for dette. Det er derfor svært skuffande at nesten ingen av dei seljarane vi testa følgde krava i angrerettlova, seier Olsen.

Angrerett

Angrerettlova seier at det skal leggjast ved eit skjema for angrerett ved sal over 300 kroner utanfor fast utsalsstad. Dette skal vere ferdig utfylt av seljar og skal gi kjøparen melding om at angreretten kan nyttast.

- Når seljarar ikkje legg ved dette skjemaet blir forbrukarane fråtekne informasjon om viktige rettar om retten til å angre på kjøpet. Vi veit frå tidlegare at forbrukarar ofte ikkje har kjennskap til forbrukarrettane sine og derfor treng denne informasjonen, seier Olsen.

Lova gir i utgangspunktet 14 dagars angrefrist ved kjøp utanfor utsalsstad. Dersom vilkåra i regelverket brytast kan fristen forlengjast til tre månader og i einskilde tilfelle til eitt år.

Skuffa over seljarane

Forbrukarrådet sin test viser at også kunnskap om lova i stor grad er fråverande hos seljarane. - Det er alvorleg at profesjonelle aktørar ikkje set seg inn i gjeldande regelverk. Lova har vore verksam i 6 år og Forbrukarrådet forventar at seljarane gjer heimeleksa si før dei troppar opp på messene, seier Olsen.

Forbrukarrådet undrar seg også over at kjennskapen til regelverket er så dårleg, fordi dette også kan gå ut over seljar. - Ved å ikkje leggje ved skjema, blir angreretten utvida. Manglar skjema kan kjøpar returnere ei vare lang tid etter at kjøpet er inngått, seier Olsen.

Sist oppdatert: 15.07.09 13:42
Bookmark and Share

- Ved å ikkje leggje ved skjema, blir angreretten utvida. Manglar skjema kan kjøpar returnere ei vare lang tid etter at kjøpet er inngått, seier rådgjevar i Forbrukarrådet Dag M. Olsen. (Foto: )

 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)