Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Sikrar framleis lave flyprisar

Forbrukarrådet er fornøgd med at forbodet mot bonuspoeng på innanlands luftfart no blir permanent, og at alle flyselskap blir inkluderte.

- Avgjerda vil auke moglegheiten for framleis relativt lave prisar på innanriksflyreiser i framtida. Forslaget er også i tråd med kva Forbrukarrådet har meint i denne saka, og forbrukarane vil no bli sikra meir oversiktlege marknader, seier rådgivar i Forbrukarrådet Christer Tonheim.

Det er Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys som endrar forslaget om eit forbod mot bonusprogram på innanriks luftfart til også å omfatte aktørar med mindre enn 15 prosent marknadsdel.

Fekk gjennomslag

Dette er klart etter at Fornyings- og administrasjonsdepartementet har vurdert høyringssvara på forslaget til ny forskrift. Forbrukarrådet er blant dei som dermed får gjennomslag for innvendingane sine.

Kunne gitt høgare prisar

Forbrukarrådet sa i eit høyringssvar bl.a. at eit slikt unnatak ville medfører unødvendig komplisering av marknaden. Utforminga til forskrifta er eigna til å auke forbrukarane sine søkje- og byttekostnader - og ville kunne medføre høgare prisar på sikt.

Sist oppdatert: 21.06.07 10:13
Bookmark and Share

Det blir forbod mot bonusprogram på innanriks luftfart, det vil også omfatte aktørar med mindre enn 15 prosent marknadsdel. (Foto: scanpix)

 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)