Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Russen til kort med Stokke Trykk

Hører til garanti

Russ frå store delar av landet har tatt kontakt med Forbrukarrådet etter at bestilte russekort lar vente på seg frå Stokke Trykk. Selskapet – og korta er nå i ferd med å gå ut på dato.

Russen opplever at dei ikkje får russeskorta dei har bestilt, sjølv om disse er betalt på førehand. Mange kort blir også levert langt etter avtalt leveringstid, eller med trykkfeil som ikkje blir retta opp i god tid før russetida.

- Sida dette er eit ferskvare-produkt, så må leveringa snart sjåast som forfeila. Det betyr at dei som ikkje har mottatt korta, eller som får korta levert vesentlig forsinka, kan krevje kjøpet heva og pengane tilbake, seier Guro Siljan i Forbrukarrådet.

Både russen og Forbrukarrådet har prøvd å få kontakt med selskapet, men utan hell.

Russ som har opplevd problemer med Stokke Trykk, kan ta kontakt med Forbrukarrådet.

Sist oppdatert: 10.05.07 09:26
Bookmark and Share

Levering av russekort frå Stokke trykk har feila, mange russ stiller til feiring med lommer tomme for kort.

 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktør for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl. Ansvarlig redaktør for Forbruker-rapporten er Jarle Oppedal.

RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)