Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Pakketuristane har fått betre rettar

Hører til pakkereiser

01.01.2007 trødde det i kraft nye endringar i pakkereiselova som styrkjer forbrukarane sine rettar. Fleire reiser vil kunne omfattast av lova og reisegarantiordninga er utvida.

Det vil også bli enklare for forbrukaren å klage, fordi reklamasjonsnemnda for pakkereiser no behandlar klagar på alle arrangørar av pakkereiser.

Alle som sel pakkereiser i Noreg vil kunne klagast inn for nemnda.

Når kunden vel elementa sjølv

Endring i definisjonen av kva som er ei pakkereise, medfører at fleire reiser vil kunne bli omfatta av pakkereiselova.

Lova gjeld no også reiser der arrangøren legg opp til at kunden vel ut enkeltelementa sjølv, men kor elementa presenterast som tilpassa til å bli kombinert. Bestilling på internett er blitt meir vanleg og enkelte nettstader legg opp til at kunden sjølv set saman ulike element til ei reise.

Framleis er det eit vilkår at produktet blir selt eller marknadsført til ein samla pris.

Klargjer kva som er pakkereise

- Frå ein forbrukarståstad er det viktig med ei klargjering av kva som er ei pakkereise. Dersom ei reise ikkje er å forstå som ei pakkereise, vil ikkje forbrukaren vere verna av pakkereiselova, fortel jurist Mari Lauritzen i Forbrukarrådet.

Utvida reisegaranti

Arrangørar av pakkereiser pliktar etter 01.01.2007 å stille reisegaranti for transport som skjer saman med ei pakkereise. For eksempel såkalla ”Seat only-"arrangement. Vidare skal det stillast reisegaranti for reiser som består av transport og innkvartering som i det vesentlege liknar på ei pakkereise.

Utvidinga av reisegarantiordninga gjeld berre i forbrukarforhold.

Det er også kome endringar i reglane om tvisteløysing etter pakkereiselova: Frå 01.01.2007 pliktar alle som er medlem av Reisegarantifondet (RGF) å delta i nemndsordninga. Fram til utgangen av 2006 var det berre medlemer av Norsk Reiselivsforum (NRF) som kunne klagast inn for reklamasjonsnemnda.

Sist oppdatert: 22.06.07 12:31
Bookmark and Share

Arrangørar av pakkereiser pliktar etter 01.01.2007 å stille reisegaranti for transport som skjer saman med ei pakkereise. (Foto: Scanpix)

 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)