Forbrukarrådet er utålmodig med å få på plass ein finansportal og lyser nå prosjektleiaransvaret ut på anbod. Den nye portalen skal være på plass frå årsskiftet 08 og har som mål å gjera det lettare for publikum å finne frem i jungelen av finansielle tenester.
Regjeringa øyremerka i fjor derfor pengar til ein ny netteneste som skal gi folk betre informasjon om alle typar finansprodukt.
Her skal publikum kunne hente råd og informasjon om alt frå bustadlån og forsikringar, til korleis man skal få mest mulig ut av sparepengane
- For å sikre at forbrukarane treffer val på riktig grunnlag må dei ha skikkelig informasjon om lånetilbod og forsikring. Vi vil bidra til at folk kan gjøre bevisste val om kompliserte produkt, seier underdirektør Lasse Billington i Forbrukarrådet.
Han kan fortelje at oppgåva med å organisere og strukturere prosjektet, sikre framdrift og utarbeide kravspesifikasjonar med meir nå er lyst ut på anbod. - Vi håper å få tak i eit firma som kan ta fatt i prosjektleiaransvaret for den nye finansportalen så snart som mulig, seier Billington.
I Noreg er det i dag allereie etablert ulike variantar av informasjonsportalar. Konkurransetilsynet gir forbrukarane god informasjon om strømpris, mens Post- og teletilsynet gjør det same på mobiltelefoniområdet. I for eksempel Danmark og England, finnes det allereie forholdsvis godt utvikla finansportalar.
Ein slik portal kan auke kundemobiliteten og betre konkurransen. Bakteppet for innføringa av ein finansportal er at bank- og forsikringsmarknaden i Noreg er preget av få og store aktørar. Mange av produkta oppfattast som kompliserte, og det kan være vanskelig for forbrukarane å samanlikne tilbod frå dei ulike aktørane.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
- Ein finansportal kan auke kundemobiliteten og betre konkurransen i marknaden, seier underdirektør i Forbrukarrådet, Lasse Billington. (Foto: )
Doffin.no er ein database for offentlige innkjøp.
Les også:
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)