Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Krev valfridom til TV-kanalar

Hører til digitale tjenester

Reglane om abonnementsval av tv-kanalar må opphevast, og forbrukaren må kunne få kjøpe enkeltkanalar og kunne setje saman eigne kanalpakkar med ein prisstruktur som gir rabatt, meiner Forbrukarrådet.

I eit høyringssvar til kultur- og kyrkjedepartementet om avgjerder om abonnementsval i kringkastingslova og kringkastingsforskrifta seier Forbrukarrådet vidare at leverandøren likevel kan få tilby pakkar, totalkostnaden og valfridomen for forbrukarane bør vere avgjerande.

Må få velje enkeltkanalar

Forbrukarrådet støttar ut frå dette departementet sitt forslag i alternativ 2 om at reglane om abonnementsval blir opphevt.

Ei oppheving av noverande reglar må følgjast opp med endringar som gjer at forbrukaren kan velje enkeltkanalar, samt at ordninga ikkje berre gjeld formidling gjennom kabelselskap, men blir teknologinøytral gjort og gjeld alle som formidlar TV-kanalar i eit visst omfang.

Ikkje berre kabel-TV

Dersom departementet kjem til at forbrukaren framleis skal delta i val av ”kanalpakkar” meiner Forbrukarrådet at dagens regelverk fyrst og fremst må endrast slik at det blir teknologinøytralt.

Forbrukarrådet kan ikkje sjå at der i dag er grunnlag for at slike val berre skal gjelde kabel-TV.

Fleire valmoglegheiter

Dersom dagens ordning i revidert utgåve skal fortsetje, meiner Forbrukarrådet at forbrukaren må få reelle valmoglegheiter - og ber om at det i tilfelle blir fleire og mindre pakkar for å auke den enkeltes valmoglegheiter, dersom ikkje val av enkeltkanalar blir gjennomført.

Forbrukarrådet meiner at dersom det framleis skal vere val av kanalar, må det i hovudsak vere resultatet av ei avstemming som leggjast til grunn, og ikkje berre selskapa sine ønske ut frå praktiske eller økonomiske grunnar.

Sist oppdatert: 02.07.07 14:55
Bookmark and Share

Dersom dagens ordning i revidert utgåve skal fortsetje, meiner Forbrukarrådet at forbrukaren må få reelle valmoglegheiter. (Foto: Geir Røed)

 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)