Viktigaste forbrukarsaka i komande periode, er å styrke informasjon til forbrukar om kva rettar han har og korleis han kan vere sikra og får tilgang til å klage eller får hjelp for å oppnå dei rettar han har om han ikkje er nøgd med dei varer og tenester han skaffar seg eller kjøper. Kravet til service må styrkast, garantiordninga må vere på plass, kjøpar må gjerast kjend med angreretten og det må på plass ein kjøpsvettregelsett.
Når det gjeld reint drikkevatn, er det følgjande som er viktig:
Drikkevatnsforskriftene har eit krav om to uavhengige hygieniske barrierer for å reinse vantet før levering til forbruker. Desse må etterlevast.
Ledningsnettet må vere av god kvalitet som hindrar innsug av forureina vatn.
Mattilsynet skal prioritere tilsyn og godkjenning av vassverka, og om naudsynt må helse- og omsorgsministeren instruere Mattilsynet til å skjerpe kontroll og tilsyn av vassleveransen.
Spørsmålet om vegnettet er delt. Kvaliteten for gåande og syklande er dårleg på store deler av vegnettet. For dei blir kravet at løyvingar til gang- og sykkelvegar blir auka. For kollektivreisande blir kvaliteten betra om han blir prioritert og løyvingane til kollektivtilboda vert styrka. For bilistar kan gratisferjer, rabattordningar på bompasseringar, rassikring og fast dekke vere avgjerande for kva kvalitet dei får.
Det må vere eit krav at pasientane får tilgang til ein såkalla kvalitetsindikator for helsetenester elles blir retten til fritt val av sjukehus illusorisk.
Unge i etableringsfasen slit med å etabelere seg når det er dyrt å kjøpe leilighet eller hus. Difor må informasjon om:
Tilbake til artikkelen. Klikk her.
(Foto: )
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)