Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Føre-var: Eit viktig prinsipp for mattryggleik!

Hører til matvaretrygghet

Nordfjord Kjøtt venta godt og vel eit døgn før forbrukarane fekk vite at salmonella-infisert kjøtdeig låg i butikkane.

- Det er både uhaldbart og heilt unødvendig at folk skal risikere å bli sjuke av maten dei et når matprodusenten har mistanke om at maten inneheld smittefarlege bakteriar, seier direktør i Forbrukarrådet Erik Lund-Isaksen.

Forbrukarane informerte for seint

Måndag 2. juli gjennomførte Nordfjord Kjøtt ein ferdigkontroll av kjøtdeig som viste spor av salmonella. Fyrst onsdag 4. juli blei forbrukarane informerte om at kjøtdeigen var salmonella-infisert.

”Risikoen for at ein slik positiv prøve kan vere falsk, er alltid til stades. Så det måtte vi få sjekke ut”, sa kontorsjef Einar Aabrekk i Nordfjord Kjøtt, ifølgje Nationen 6. juli.

Føre-var ved risiko

Dette er feil bruk av ordet risiko, meiner Forbrukarrådet. - Etter vurderinga vår er det risikoen for at folk kan bli sjuke av maten dei et som bør tilleggas mest vekt i slike situasjonar, ikkje risikoen for at ein ”positiv prøve kan vere falsk”, seier Lund-Isaksen.

- Vi har no sendt eit brev til Mattilsynet, der vi ber tilsynet om å gjennomgå rutinar og sikre at ”føre-var”-prinsippet blir teke i bruk når det gjeld mattryggleiken her i landet, seier Forbrukarrådets direktør.

Sist oppdatert: 12.07.07 09:47

- Etter vurderinga vår er det risikoen for at folk kan bli sjuke av maten dei et som bør tilleggas mest vekt i slike situasjonar, ikkje risikoen for at ein ”positiv prøve kan vere falsk”, seier direktør i Forbrukarrådet Erik Lund-Isaksen. (Foto: Scanpix)

 

Relatert innhold:

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)