Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Forbyr Easytel-faktura

Selskapet TM - Telecom Management, meir kjend som Easytel, har sendt ut regningar til ei mengd forbrukarar med krav om betaling for tenester forbrukarane aldri har inngått nokon avtale om. Forbrukarombodet har no fatta vedtak som forbyr TM og dagleg leiar i selskapet Jonny Svensson å registrere forbrukarane som kundar og å krevje betaling for telefoni- og breibandsleveransar der selskapet ikkje har nokon avtale med kundane om dette.

Forbrukarrådet har også motteke ei rekkje meldingar om dette selskapet.

Har du motteke feilaktige betalingskrav frå Easytel?

Har du motteke feilaktige betalingskrav frå selskapet, bør du protestere på dette skriftleg.

Dersom du har motteke eit krav du er ueinig i bør du sende brev til avsendar (kreditor eller inkassoverksemd) og si at du ikkje godtek kravet, og kvifor. Forbrukarrådet har skrive brevet for deg, klikk deg inn til høyre på denne sida.

Du kan også sende e-post din til adressa kundeservice@easytel.no og ein kopi av e-posten til samarbeidspartnaren deira PayEx til post.collection@payex.com. Dersom PayEx ikkje stansar inndriving av omstridd krav, kan saka klagast inn for Inkassoklagenemnda.

Det vil vere i strid med inkassolova dersom Easytel seinare skulle freiste å drive inn kravet gjennom inkasso som det er protestert skriftleg på. Easytel må då eventuelt bringe saka inn for Forliksrådet. Det vil her vere selskapet som har provbyrden for at kravet er rettmessig. Du vil heller ikkje risikere å få betalingsmerknader så lenge du har protestert skriftleg på kravet og du sender svar til Forliksrådet innan fristen dersom du skulle høyre noko frå dei.

Mottar du purringar eller inkassovarsel frå Easytel på krav du allereie har protestert skriftleg på, kan du i utgangspunktet sjå bort frå desse.

Har du pengar til gode hos selskapet?

Dersom du har betalt rekningar som du ikkje har inngått nokon avtale om, eller betalt for mykje på grunn av feil i fakturaer utsend frå selskapet, bør du no rette eit skriftleg krav til selskapet om å få pengane tilbakebetalte.

Sist oppdatert: 22.02.11 13:06

Selskapet TM - Telecom Management, meir kjend som Easytel, har sendt ut regningar til ei mengd forbrukarar med krav om betaling for tenester forbrukarane aldri har inngått nokon avtale om. (Foto: )

Har du motteke feilaktige betalingskrav frå Easytel, bør du protestere på dette skriftleg. Du kan sende e-post din til adressa:

kundeservice@easytel.no Send Mail

og ein kopi av e-posten til samarbeidspartnaren deira

PayEx: post.collection@payex.com: Send Mail

 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)