Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Du kan angre på avtalen med privatskulen

Hører til privatskole og angrerett

Lov om angrerett gjeld og for avtalar om kurs- og undervisningstenester inngått f.eks. via internett.

- Ein avtale om undervisning blir rekna som ein avtale om ei løpande teneste, og angreretten kjem til bruk. Føresetnaden er at avtalane blir inngått ved fjernsal eller utanfor fast utsalsstad. Hovudregelen er 14 dagars angrerett frå påmelding, men dersom informasjonen om angrerett er mangelfull, har ein inntil 3 månaders angrerett. Dersom det ikkje er gitt opplysningar om angrerett i det heile teke, vil fristen vere 1 år, fortel jurist og rådgivar i Forbrukarrådet Anne Sofie Faye-Lund.

Utanfor fast utsalsstad

Det kan og vere nyttig å vite for mange av dei fleire tusen nordmenn som kvar har kjøpt kasserollar av såkalla syrefast kirurgisk stål frå Saladmaster for opptil 50.000 kronar: Når du har handla utanfor fast utsalsstad og ikkje motteke skjema om angrerett og fått dei opplysningane lov om angrerett krev, begynner angrefristen fyrst å springe når du har motteke dei nødvendige opplysningane.

I prinsippet spring fristen vidare utan tidsavgrensing så lenge du ikkje har fått angreskjemaet m/opplysningar.

Du kan derfor ha angerrett etter kjøp oftare enn du sjølv hadde trutt.

Kan ikkje angre flybilletten

- Elles er det verdt å merke seg at ved anna fjernsal enn telefonsal gjeld angreretten ikkje for einskilde tenester, dersom seljaren ved avtaleinngåinga forpliktar seg til å levere tenesta på eit bestemt tidspunkt eller innanfor eit bestemt tidsrom. Dette er aktuelt for flybillettar, konsertbillettar mm., opplyser Faye-Lund.

Sist oppdatert: 15.07.09 13:40

- Dersom det ikkje er gitt opplysningar om angrerett i det heile teke, vil fristen vere 1 år, fortel jurist og rådgivar i Forbrukarrådet Anne Sofie Faye-Lund. (Foto: Scanpix)

I Forbrukarrådets klageveileder kan du få hjelp til å klage på ulike problem du har opplevd overfor privateigde skoler. Klage på privatskolar kan blant anna gjelde kvalitet på undervisning og/eller lokalar, pris, forskotsbetaling, vilkår for avbrot og administrative forhold.

 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)