Årets "Trygg mat"-undersøking frå Mattilsynet viser at 36 prosent av dei spurte er uroa for om maten er framstilt av genmodifiserte (GMO) råvarer eller ingrediensar. Forbrukarrådet ønskjer strengt regelverk og utvida krav til merking.
- Resultata frå undersøkinga viser at svært mange forbrukarar ikkje ønske genmodifisert mat. Dette understrekar kor viktig eit strengt regelverk på området og klare og utvida krav til merking av produkt som inneheld GMO, seier rådgivar Sigrid Skjølås.
Synnovate MMI har på oppdrag frå Mattilsynet gjennomført undersøkinga for å kartleggje nordmenn sine kunnskapar om og haldningar til ei rekkje generelle spørsmål knytte til mat og mattryggleik.
Noreg har eit særnorsk EU-harmonisert regelverk for genmodifisering i dag, men er i ferd med å ta inn EU sitt regelverk på området. Dette kan føre til at også Noreg kan kome til å ta inn eitt eller fleire genmodifiserte produkt, seier Mattilsynet på heimesidene sine.
Allereie i dag er det vanskeleg å gardere seg 100 prosent mot å få i seg små mengder genmodifiserte materiale også i produkt på det norske marknaden. Mattilsynet har avdekt at mange verksemder har manglande eller for dårlege kontrollrutinar for å unngå ulovleg innblanding av genmodifisert materiale i produkta sine.
- Dersom tilpassinga til EU sitt regelverk fører til ei svekking av dagens regelverk i Noreg, er det svært uheldig. At produsentane har for dårlege kontrollrutinar er alvorleg og bør føre til kraftige sanksjonar og auka tilsyn frå Mattilsynets side, seier Skjølås.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
Mattilsynet har avdekt at mange verksemder har manglande eller for dårlege kontrollrutinar for å unngå ulovleg innblanding av genmodifisert materiale i produkta sine. (Foto: )
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)