Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Mindre regnskog i butikkane - nettbutikkar stadig verst

Årets byggjevareundersøking viser at fleire og fleire byggjevareforhandlarar har fjerna alt tropisk tømmer frå butikkhyllene. I år som i tidlegare år, kjem nettbutikkane dårlegast ut av undersøkinga og aller verst er Gulvspesialisten.no.

Store aktørar som Coop Obs Bygg, Bauhaus, og Smart Club har no fjerna alle regnskogsprodukt.

Gledeleg trend

Årets byggjevareundersøking stadfestar den positive trenden frå tidlegare år.

- Totalt sett er det blitt mindre byggjevarer av tropisk trevirke i butikkane. Likevel ser vi at det også i år er nettbutikkane som kjem dårlegast ut. Det er på tide at nettbutikkane følgjer etter dei leiande byggjevareforhandlarane og fjernar alle regnskogsprodukt frå nettbutikkane sine, seier rådgivar Sigrid Skjølås i Forbrukerrådet.

Sist oppdatert: 03.12.07 10:31

Det er på tide at nettbutikkane følgjer etter dei leiande byggjevareforhandlarane og fjernar alle regnskogsprodukt frå nettbutikkane sine. (Foto: )

Undersøkinga er gjennomført av Regnskogfondet, Grønn Hverdag, Framtiden i hendene vår, Natur og Ungdom, Noreg sin Naturvernforbund og Forbrukerrådet.

50 byggjevareutsal og nettbutikkar er for sjette år på rad sjekka for varer av tropisk trevirke. Importen av regnskogsparkett er halvert i den samen perioden.

Meir om undersøkinga finn du på Regnskogfondets heimesider

 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)