Leieboerforeningen, Huseiernes Landsforbund og Forbrukarrådet har sendt brev til kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa med oppfordring om å følgje opp lovnaden i Soria Moria-erklæringa om å gjere Husleietvistutvalget (HTU) permanent, samt å utvide HTU til også å omfatte Bergen og Trondheim, ikkje berre Oslo og Akershus som i dag.
Tidlegare har kommunalminister Åslaug Haga uttalt: ” Husleigetvistutvalet har vist seg å vere ei vellukka ordning med kort saksbehandlingstid og lave kostnader for partane.”
Leieboerforeningen, Huseiernes Landsforbund og Forbrukarrådet meiner at HTU i prøveperioden har vist at utvalet er liv laga, slik at tida no er moden for å gjere det permanenten. Dei tre organisasjonane er vidare av den oppfatninga at ei utviding av utvalet sitt område vil betre rettsvernet for så vel leigetakarar, som utleigarar i dei byane det gjeld.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
Husleigetvistutvalet har vist seg å vere ei vellukka ordning med kort saksbehandlingstid og lave kostnader for partane. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)